Dagens fugl: Grankorsnebb

Dagens fugl: Grankorsnebb

Dagens fugl: Grankorsnebb
Grankorsnebb i toppen av ei furu på Dalshaugane fredag føremiddag. Foto: Kjetil Rydland.

Grankorsnebb er ingen vanleg fugl på våre kantar, men det kjem nok an på kven du spør. Dei som følgjer med på slikt, seier at dei ser han rett som det er. Det gjeld altså å sjå godt etter.

Til liks med andre korsnebbar har han kryssande nebbspissar, som gjer han i stand til å opna kongler for å få tak i frø. Hannen er mursteinsraud, medan hoa er olivengrøn med gulaktig overgump og underside. Grankorsnebb kan vera vanskeleg å artsbestemma 100 prosent, for han liknar svært på furukorsnebb, men vår kjelde, som har studert bildet, er rimeleg sikker på at vår fugl er ein ung grankorsnebb.

Grankorsnebb er ein flott, mursteinsfarga fugl. Foto: Kjetil Rydland.

Grankorsnebben er ein stor, tettbygd fink på ca 16  cm med eit vengespenn på 27-30 cm. Han lever for det beste av gran- og furufrø, og er vanleg over heile landet dersom frøsettinga er god. Hekkinga kan starta allereie midt på vinteren,og fuglen legg egg i februar-mars. Hoa rugar egga i 13-16 dagar, og ungane held seg i reiret i tre-fire veker før dei flyr ut.

Høyr på grankorsnebben


En kommentar til «Dagens fugl: Grankorsnebb»

Legg igjen en kommentar til Gunn Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *