Dagens fugl: Teist

Dagens fugl: Teist

I GSE Båthavn i Russevika sumde ein einsleg teist omkring mellom båtane her om dagen.

Teist er ingen uvanleg fugl, og det var vel ikkje utan grunn at HSD kalla hydrofolen sin frå 1961 for Teisten. Denne gjekk i dagleg trafikk mellom Bergen og Sunnhordland i mange år, før han blei kondemnert etter grunnstøyting i Bjødnafjorden i 1969.

Det er likevel ikkje ein fugl me ser til dagleg, og den norske bestanden har gått sterkt tilbake i nyare tid. Dette skuldast blant anna villmink, garnfiske og oljesøl.

Men teisten hekkar framleis langs det meste av kysten vår. Vinterstid er teisten langt mindre sosial enn andre alkefuglar, og han er å sjå enkeltvis eller i lause småflokkar. (Aschehougs fuglebok)

Om sommaren er testen kledd i svart, med store, kvite flekker på vengjene. Om vinteren er undersida kvit, og oversida gråspraglete.


En kommentar til «Dagens fugl: Teist»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *